ČálliidLágádusa birra CL-Sámi academica GirjjálašvuođaguovddᚠOktavuohta
  Gálvoseahkka lea guorus
 
Gálvoseahkka
Gálvoseahkka lea guorus


Ođasreive
Registrere epoastačujuhusa vuostáiváldit ođasreivve ČálliidLágádusas
 


Min samiske veg
Arne Ola Grimstad

Arne Ola Grimstad er sunnmøring, opprinneleg frå Hareid, men no busett i Ørsta. I rundt 45 år var han lærar, av desse 13 år i Finnmark, først fem år i Langfjordbotn i Alta, før familien flytta til Karasjok, der Den Samiske Folkehøgskole blei arbeidsplassen i 8 år.

No har han skrive bok om møtet med det han vil kalle Sameland, kultur og folk. Boka vert gitt ut av forlaget ČálliidLágádus og kjem i sal ved påsketider.

I Langfjordbotn fekk Arne Ola Grimstad og familien nær kontakt med reindriftssamar som hadde sommarplass i bygda og har heile tda seinare hatt nært vennskap med fleire familiar. Arne Ola var ein dreven fotograf og og arbeidde ein heil del som freelancejournalist, både for aviser og blad, og seinare tilsett som lokalkorrespondent for NRK/Vadsø. Då familien kom til Den Samiske Folke-høgskole, fekk Grimstad ansvar for ei nyoppretta line i foto og journalistikk.

Både som privatperson, men også som lærar, blei Grimstad sterkt interessert i samiske spørsmål, og dei samisk turbulente syttiåra fekk mykje å seie for han og vegen vidare. Som dyktig handverkar forelska han seg i samisk duodji (handverk) og har drive denne spesielle hobbyen langt. Etter at familien flytta til Ørsta (1980) har Arne Ola Grimstad i mange år vore engasjert av Høgskulen i Volda som forelesar for lærar- og førskulelærarstudentar om samisk kultur. Då han for nokre år sidan fekk kongens fortenestemedalje, var engasjementet for samisk kulturformidling ei av grunn-givinga for medaljen.

«Min samiske veg» er ei forteljing om tida frå første kontakten han og familien fekk med Sameland og fram til i dag. På denne «vegen» har det vore møte med ein kultur, og ikkje minst med menneske, som har fått mykje og avgjerande å seie. Slik sett vil forfattaren at boka skal vere ein hyllest til dei han har møtt, og som har vore viktige «vegskilt».



ISBN: 978-82 8263-261-4
NOK  295,-   
 




Fáktagirjjit -> Ollesolbmuide